|
1. og 2. klasse på oppdrag i Nepal. |
![]() |
| No har vi endeleg kome fram på hotellet i Katmandu. Det
var litt av ein tur. Flyplassen ved hovudstaden var stengt pga dårleg
ver og vi måtte lande på ein mindre flyplass. Her tok vi buss vidare til
togstasjonen. Skal seie der var trongt om plassen. Toget var ganske
skralt og vi måtte hjelpe til å skyve i oppover bakkane. Vi paddla
oppover ei elv og kom til ein skog. Vi måtte liste oss av garde, så vi
ikkje vart oppdaga av dei ville dyra. Her var mykje spanande å sjå.
Tigrar, leopardar, krokdiller....apekattane likte vi og vi fekk vere med
dei på jungelfest. Så det har ikkje stått på opplvingar så langt. For å finansiere delar av turen, tok vi på oss nokre forskaroppdrag. Vi skulle finne ut korleis det var med trea i Nepal. Korleis var det om hausten der. Vi lærte mykje om rotsystemet, korleis trea tok til seg næring og at vatnet dampa ut gjennom porar i blada. Trea kunne tørke ut dersom det vart kald og vatnet fraus til is. Dei måtte late att "luftinga". Beste måten var å kvitte seg med blada. For at ikkje næringa skulle renne ut, korka dei igjen felta der blada var festa. Vi lærte om matfabrikken inne i blada og at dei trong klorofyllet til vintermat, derfor saug dei det til seg før bladfellinga og dei andre fargane i blada kom til syne. Vi samla inn ulike artar. Vi studerte og kva småkryp som hjalp hausten med nedbrytinga. Vi rista grastuer over kvitt papir og litt av kvart kom til syne. |
|
![]() |
Nøyaktige observasjonar vert utført. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| No er vi klar for å treffe Omis. Følg med. | |