1. og 2. klasse på tur til Åsgard                   (08.04.10) GFU

Torsdag 8. april gjekk vi gjennom Jotunheimen og over til Åsgard

Her møtte vi m.a. Fenrisulven.

Torsdag 8. april gjekk vi gjennom Jotunheimen og over til Åsgard  Bra det var lite med troll ute og for denne dagen.

Sola skein og det var ein glad og spent gjeng som tok fatt på den lange ferda.  Det var ikkje kvild å få då vi kom fram heller. Vi måtte gjere nytte for oss og hjelpe dei med å bygge hus og gjerde. Vi saga og spikka alt vi orka. Fenrisulven måtte vi passe oss for, han var like nifs som vi frykta. Siv med gullhåret var det derimot hyggeleg å ta ein prat med.

 

Planlegging må til, dersom resultatet skal bli bra.

Der var vi i gong.

 

Berre skuggen av ulven kunne få ein til å skjelve

Dette var visst stamfaren til Fenrisulven

Her er sonen

Det er ikkje lette å roe ulven.

Det gjekk bra.

Kari i god prat med Siv

Er ikkje håret nydeleg ?

Litt trangt med så mange gjestar.

Mat må vi ha i dag og.

Ikkje måte på kor kreftar ein får.

Slik pyntar ein seg i Åsgard.

Nokon følgde med oss på nært hald. Er det Hugin, eller Mugin?