|
Pinsetur i fjøra
(20.05.10)
(GFU) 1. og 2. klasse på tur i "Hallgeir-fjøra" |
![]() |
| Torsdag 20. mai gjekk utedagen til
"Hallgeir-fjøra". Vi hadde lært om pinse og sett på ein del symbol knytt
til denne høgtida. Første oppdrag på turen var å lage eit av desse
symbola av materiell dei fann i fjøra. Pinsa vert rekna som kyrkja sin
bursdag, så fleire grupper la kykje. Kyrkjeskipet var og med. Dei var
opptekne av at dei kristne var forfølgde i den første tida og at dei tok
fisken som sitt hemmelege teikn. Vi laga oss pinsebål og etter gamal
skikk skulle det ryke mest mogleg av desse. Dei fekk utfordringa og med
tørka tare og fersk gras vart det røyk. Ingen bål utan grilling, så vi
kosa oss med pølser og brød. Krabbar er heilt fasinerande. Dei laga krabbebarnehage, krabbeskule med lærar som hadde eige lærarrom. |
|
![]() |
![]()
Best å grille før det vert for mykje røyk. |
![]() |
![]() |
![]() Kyrkjeskipet som heng i taket. |
![]() Hemmeleg symbol. |
![]() Dersom du studerer biletet godt ser du Jesus på korset, menigheita, alteret. |
Her er presten, det var viktig å få med. |
![]() Kyrkja. |
![]() ![]() Nokre laga eit avansert kyrkjeskip med motor. |
![]() Lærar krabbe. |
![]() Her er den tøffe karen som turde å halde krabben, dette har han gjort før. |
![]() Klasserommet |
![]() ![]() Barnehagen med småkrabbane. Dette likar krabbane. |
![]() Sjå så søt! |
![]() Krabben Lisa på trilletur. |
![]() Læararrommet. Trur det er elevsamtale. |
![]() Krabben kneip meg. |
![]() |
![]() Frukt er godt når ein er på tur. |
![]() |
![]() ![]() Så vart det røyk! Nokre fann det best å røme unna. Kommentar: No luktar det pinse av meg. |