1.-4.klasse på ski/akedag på Longva (21.01.10)

 

 

Torsdag 21. januar tok småskulen bussen over til Longva. Vi gjekk av ved barnehagen. Her låg kvitkledde bakkar og venta på oss. Mildver, etterfulgt av frost gjorde det litt hardt, men det stoppa ikkje oss. Det vart arrangert skirenn, med stor deltakarprosent. Ungane var kjempe flinke til å gå på ski. Ei kubjelle markerte at dei var komne i mål.

Sola varma merkbart, godt å kjenne. Vi kosa oss med niste oppe i lia,(dei som hadde tid) Tida gjekk så alt for fort og snart var det retur. Mange syntes det var stor stas å ta buss og nokre tok seg ein lur.

  (Måtte berre ta bilete mot sola.)