Ski og akedag i Jo-Karl-Martin bakken

I dag tok vi turen til den fine akebakken ute hos Jo-Karl-Martin. Vi hadde med oss ski, kjelkar, varm drikke og masse pågangsmot. Det var til tider strevsamt å ta seg fram i den djupe snøen, men ingen gav opp. Mange var på ski for første gong og imponerte stort. Det vart stor fart på kjelkane og høge svevande hopp. Etter matpausa var det tid for skirenn med startnummer. Først måtte dei under ein port av skistavar, på neste post var det å hoppe opp og ringe i ei bjelle som hang i eit tre. Den siste posten var å kaste snøball på nokre ballongar som hang på ei grein, så var det berre å suse avgarde og kaste seg over målstreken. Ein herleg dag i snøen. Ikkje ofte vi har så mykje snø på Haramsøya.

Ut på tur aldri sur  :))))))))))))