Herleg utedag i Ullafjøra

Torsdag 3.9.09 tok vi på 3. og 4. trinnet turen til Ulla. Vi har jobba mykje med livet i fjøra den siste tida, så no var det veldig kjekt å få ta turen ut i fjøra og leite etter alt det spennande vi hadde lært om. Vi fann mange sortar skjell, gigantiske grønkrabbar, ulike sortar tang og tare med meir. Vèret var heilt topp og vi fekk ein vellukka utedag med mykje læring og klissvåte støvlar :) Under følgjer litt bilder frå dagen.

Vi tømde nok ut nokre liter med vatn
frå støvlane. Det var så mykje spennande
å finne ute i sjøen også! Gøy var det i alle
fall. Eit yrande liv med glade utrop:
Sjå ka ej fann !! Kom og sjå !! Hjelp ein
diger krabbe !!