UTEDAG 24 JANUAR                                            

FUGLEMAT, DRAMA OG EKSPEDISJONAR

Fuglane kan glede seg ! Vi hadde sett for ein tur på isen, men regn, vind og ikkje minst mangel på is gjorde innhaldet noko annleis.

1. og 2. klasse drog ut på polekspedisjonar og forska ut både Arktis og Antarktis.

3. og 4. klasse tenkte på fuglane og dramatiserte eventyret om skinnvotten.

Her byrja det bli fullt i votten. Men der det er hjarterom, er det husrom.
Haren Hoppsadans kjem hoppande !
Fuglematen vart laga på stormkjøkken.
Vi strakk opp presenning ved teltet til ly for regn og vind. Det var godt med stor plass, då det kom ekspedisjonar både frå nordpolen og sørpolen. Både Nansen og Amundsen hadde teke seg ein tur.
Maten var kjempegod.
Godt og varmt inne i teltet.