|
Frå korn til brød |
|
| Verkstaden denne veka handla om korn. Beate fortalde oss om kornåkrar, kornsortar, maskiner m.m. Mange likte godt skiltet ho viste oss der det stod: " Trå ikke i maten". Spennande for oss å lære om dette emnet. Vi er ikkje vande med å sjå bugnande kornåkrar. Det vart også ein del nye ord å lære, mellom anna skurtreskar. Vi lærte om dei fire kornsortane : bygg, rug, havre og kveite. Til slutt fekk vi høyre eventyret om jenta som lærte kongen å ete havregraut. Då var det berre å setje i gang å lage mykje spennande på gruppene. | |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|