På tur til Nepal

No har 1. og 2. klasse nett landa på Vigra, etter ein spanande tur til Nepal.

 

 

 

 

Vi fekk ein spanande invitasjon frå Omis, han ville vi skulle kome og besøke han i Nepal.

No fekk vi det travelt med å ordne pass, veksle nepalske rupei, pakke osv.

Det bles veldig den dagen vi skulle reise. Etter ein strabasiøs tur med Palmar over fjorden, nådde vi flyplassen noko urvne.

Flyet letta og ei fantastisk besetning tok godt vare på oss. Det var servering av både mat og drikke.

Vår alles kjære OMIS.

Han hadde mista mor og far i krig. Omis drog inn til hovudstaden, Katmandu, her budde han under ei bru. Han fekk etter kvart bu på ein barneheim. Her besøkte vi han.

Trangt om plassen på bussen.
God mat i Nepal. Her handlar dei riskaker med ein som dreg rundt på ei matvogn i gatene.
Popkorn er mykje brukt. Dei hang maiskolbane på ei snor rundt huset, her hang dei to til tre månadar til tørk.
Blide seljarar.
Noterte flittig i reisedagboka. Her er vi inne i teltet viovernatta i. Det var mange framande og skumle lydar om natta.

På tur til Mount Everest

Det var litt av ei utfordring, godt vi hadde med tau.

Skal tru om det er her Yetien bur?

Vi set igjen med mange inntrykk. Heimrese, på flyet.