Framsida 

Lekseplan
 1. trinn

Lekseplan
2. trinn

Lekseplan
3. trinn

Lekseplan
4. trinn

Timeplan          3./4. trinn

Ranselpost / Anna info til heimen:
1.trinn : 
 

 2. trinn: Veke 3: Denne veka vert det verkstad torsdag. Tema: Polferder
 3./ 4. trinn:  

Siste nytt frå småskulesteget

Utedag torsdag 1. desember (2.12.11)GFU                                                                                  Søylediagram kan ein godt lage ute.                                                                                       1. klasse undersøkte kva farge som var mest vanleg på lærarbilar, dei laga ei fin oversikt. Svart og kvit låg godt an.

Med stormmeldingar la vi turen til gapahuken. Han hadde vorte veldig fin og gav god ly for både regn og vind. Mellomsteget hadde same mål, store og små i fin leik, boksa går er det kjekt å leike i skogen. Nokre bilete her

 

Verkstad med temaet husdyr.                                                                                    Beate fortalte om dei fleste husdyra våre og las med stor innleving om kua Mamma Mø.

Her

 

Spanande med besøk av politiet. (23.11.11) GFU               Tysdag 22. november fekk 1. klasse utdelt refleksvestar. Vi fekk m.a.vete kor viktig det er å bli sett, når vi går langs vegane. Elevane hadde mange spørsmål på lur. Særleg vakte uniforma stor interesse.

Takk til Rolls-Royce som har sponsa vestane.

              Nokre bilete her

 

Aktivitetsløype for 1. - 4. trinn (17.11.11)
AMU

I dag var det full aktivitet rundt omkring på heile skuleområdet. Vi hadde aktivitetsløype der elevane skulle bruke kroppen på ulike måtar. Rundt omkring var det plassert ut 10 ulike stasjonar. Dei måtte prøve seg på å : balansere, hinke, springe, kaste, gå i blinde, hoppe, rulle m.m.

Sjå meir her

 

 

FORELDREKAFE`(12.11.11) GFU

Torsdag 10. november, bad 1. klasse inn foreldre og besteforeldre til skulen. Tidleg på dag vart det laga sjokoladekaker og muffins, desse gjekk unna , saman med vaflane. Elevane i 1. klasse viste seg å vere litt av nokre kremmarar, så salet av produkt frå m.a. India fekk føter å gå på.  Vi lærte mange fine songar i India, nokre av desse vart framførte. Dei fekk og` høyre om kva vi hadde lært og opplev i India.

Sjå kor kjekt vi hadde det:  HER

 

Det skjer i India

Endeleg fekk vi treffe Indrani. Spanade å sjå korleis ho hadde det på skulen sin.

Vi har nokre gamle venar i India og torsdag besøkte vi dei.

 

   
Jona og den store fisken(13.10.11) AMU

Bibelforteljinga om Jona og den
store fisken, var temaet på
verkstaden i dag. Ei spennande
historie med mykje dramatikk.


Sjå bilete her.

Frå korn til brød(30.09.11) AMU

Verkstaden denne veka handla om korn. Beate fortalde oss om kornåkrar, kornsortar, maskiner m.m. Mange likte godt skiltet ho viste oss der det stod: " Trå ikke i maten". Spennande for oss å lære om dette emnet. Vi er ikkje vande med å sjå bugnande kornåkrar.


Sjå bilete her.

RLE i 2. klasse (29.09.11) AMU


Denne veka har vi lært om jødedommen. På bilda under ser du 2. klasse i full sving med å måle frå då Gud skapte verda!


Sjå bilete her.

 

Oppdrag haust! (22.09 GFU)

Torsdag 22. september hadde 1. klasse tre oppgåver knytt til temaet haust.Etter vel utført arbeid, baud 3-. og 4-. klasse på grilling av pinnebrød.Kjekt å få vere saman med dei store.

Bilete kan du sjå her

 

Edderkopp, einer... (22-09-11)  AMU

2.klasse er ekspertar på å finne ord på og med e. Vi fann stadig nye ord på veg til Varden. Vel framme på Varden var oppdraget å finne 20 kongler. Med desse vart det laga både store og små e-ar + ein diger edderkopp. I tillegg brukte vi konglene til ulike rekneoppgåver.

Sjå meir her

 

Hausten er her(19.09.11) AMU
 

Verkstaddagen denne veka handla om hausten. Vil du lese og sjå bilder frå det vi lærte om , så kan du :

Sjå meir her

 

1. klasse ut på ny tur.         ( 8.09.11)GFU

I dag var temaet frukt og grønt.

Vi gjekk til butikken , her var det både kjente og ukjente variantar.

Fleire bilete her.

 

1. klasse godt i gong.(25.8.11 GFU)

                                                                                    Her ser du litt av det vi har styra med.

 

Verdas beste krabbeleitarar (25.8.11 AMU)

Den første utedagen dette skuleåret er over.
2.klasse kosa seg i fjøra
ulike oppdrag. Det vart etterkvart stor aktivitet for å finne krabbar. Vil du vite kor mange vi fann, må du trykke her.
Det løner seg å lære engelsk(GFU 16.06)

Det er dei alle fall einige om i 1. klasse.

Tidleg i haust lærte vi namnet på muffins, dersom dei hugsa det til sommaren skulle vi ete cupcake.Som lyn frå klar himmel var det ein som fekk eit flachback.Det var berre å setje i gong og lage cupcakes, her er resultatet.

Utedag i Sjurlafjøra(AMU 6.juni 11)

Kjekt å treffast igjen etter
langfri. Vi tok turen til Sjurlafjøra.
Der fann vi mykje spennade under steinar , tang og tare. På menyen stod fiskeburger. Det gjekk ned på høgkant.

Sjå bilder

Ny utedag for 1. klasse                                                 (GFU 26.mai 11)

Denne gongen var vi fjøra.

Mykje rart som skjular seg i tara, berre ein ser godt etter.

(Bilete her)

 

1. klasse på rumpetroll ekspedisjon (GFU 19.05.11)

Som nemnt er ikkje dårleg ver noko hindring.

I full "sunnmørsbunad" la vi i veg.

Bilete måtte takast mellom bygene, så det vart berre nokre eksemplar. Dei finn du her.

 

Regntung utedag på Røhammeren  (19.05 AMU)

I dag plaska regnet ned gjennom heile utedagen vår. Tøffe som vi er, så sit vi ikkje inne av den grunn. Vi tredde på oss regndressane og la i veg til Røhammeren. Ingen pysar i 2.klassa , nei!

Les meir her

 

17.mai verkstad      (13.05 GFU)

I dag hadde vi besøk av 0-klasse på verkstaden.

Dei var bra flinke.

Sjå bilete her

 

Ein tur, mange opplevingar.         (08.05.11GFU)

Torsdag 5. mai var 1. klasse på tur med kyrkjegarden som utgongspunkt.

Mangt kan skje, sjå her.

 

Vår i Tornekrattet (02.05.11 BNA)

Endeleg vart det verkstad igjen, vårverkstad. Grethe tok oss med til Tornekrattet der vi feira bursdagen til Wilfred.

[Les meir...]

 

 

Kosleg vårfest på barneskulen (15.04.11 AMU)
 

Etter ein nydeleg påskefrukost var det tid for vårfest. Ein flott dag med god påskestemning.

Les og sjå bilder

 

Avrundning av storylinen(7.5.11 GFU)            

Det skjer på Haram.

Torsdag 7. april drog dei barkse vikingane i småskulenpå nytt tokt til Harhamar. Vi nemnar både gravhaugar og gullfunn. Her

Vi set att med mange opplevingar og mykje kunnskap om vikingar. Elevane har laga ei utstilling som står i gangen fram til påske.Kom gjerne innom og ta ein titt.

Langhus i vikingtida (31.3.11 AMU)

Vi har spennande dagar på småskulesteget for tida.
Det er mykje å lære om livet i vikingtida. I dag var det tid for nøkkelspørmål 7:
Kva slags hus hadde vikingane?

Les meir

Dag 2 i storylinen. (GFU 25,03.11)

Kva skjer ?

 

 

Kjekt å ha utedag saman med barnehagen.         (GFU 10.03.11)

Torsdag 10. mars var 1. klasse og dei eldste i barnehagen på tur til "Bendik-bakken"

Sola skein frå nesten skyfri himmel, det var reine, skjære påskestemninga.

Sjå fleire bilete her

 

Karneval 2011
(AMU 24.02.11)

Sydande aktivitet rundt omkring på heile barneskulen, er det som kjenneteiknar karnevalet. Likevel er det ei lun, roleg og god stemning. Elevane er flinke til å finne på kjekke aktivitetar. I år var det mangt og mykje ein kunne prøve seg på.

Les meir og sjå mange bilder

Isglede i strålande vintersol (AMU 22.2.11)

Strålande sol i herleg vintervèr er supert når ein skal på skøyteisen. Ferdigheitene på skøyter vert stadig betre. Kjekt å få boltre seg på isen.

Sjå bilder

 

Fastelavn verkstad. (GFU 17.02.11)

Dette må då vere eit teikn på at våren snart er i kjømda.

Karneval høyrer fastelavn til og det gjorde det på verkstaden og`

Sjå bilete   

 

Herlig westernkonsert er over (AMU 14.2.11)

Då er vi i mål med den tiande samarbeidskonserten mellom korpset og barneskulen. Det vart ein fantastisk flott konsert.

Les meir

Spanande tur til Åsgard.(GFU 10.2.11)

1.-, 3.- og 4.- klasse på tur i den gamle gudeverda.

Sjå korleis det gjekk her.

 

Symboljakt i kyrkja
(10.02.2011) AMU
2. klasse lærer om kristne symbol i RLE. I tillegg skal skal dei utforske den lokale kyrkja. Då var det kjekt å få ta seg ein tur inn i den flotte kyrkja vår på jakt etter symbol. Dei fann mange symbol rundt om, både i tak, på veggar og på messehaklane som presten viste oss. Vi lærte også ein del ord knytt til kyrkja og kyrkjerommet. Vi såg på alteret og altertavla, preikestolen, kyrkjebenkane, våpenhuset, døypefonten og lysgloben. Alle fekk velje seg eit symbol som dei skulle teikne. Tilbake på skulen skreiv vi og teikna i utebøkene våre.

Les meir

Westernkonsert
(08.02.2011) AMU

Samarbeidskonserten med korpset nærmar seg med stormskritt. No er det intense øvingar og terping på detaljar. Cowboyutstyret begynner å dette på plass og vi er snart klare. Vi gler oss til ein kjekk konsert ilag med korpset.

Konserten startar kl. 16.00 førstkomande søndag.(13.2.2011)

For elevane vert det øving og generalprøve laurdag kl. 13.00 til ca 15.30.
 

 

BAKEDAG (30.01.2011) BNA

Utedagen denne torsdagen var 3. og 4. klasse på kjøkkenet.

Sjå fleire bilete her!

 

På tur til Sørpolen.(27.01.11) GFU

Torsdag var 1. klasse ute på ekspedisjon    Vi hadde ein del oppdrag å gjennomføre.

Les og sjå bilete frå turen her.

 

 

VÅRT     LOKALSAMFUNN

Sjå bilete her

 

Akedag i Ole Kristian-bakken  (13.01.11 GFU)

Torsdag 13. januar var heile barneskulen på tur.

Flott ver og gnistrande føre.                                

Sjå mange mange bilete her

 

Ut i verdsrommet ! ( 6.1.2011) AMU

I dag gjekk ferda ut i det spennande verdsrommet. Vi fekk lære meir om solsystemet og planetane. Eit ynda tema for svært mange av elevane. Det vart ein kreativ verkstaddag.

Sjå bilder

Nissebesøk  (21.12.10) AMU

Tradisjonen tru hadde vi nissefest i skogen, med sprakande bål og historia om Snekker Andersen. Sangen frå alle smånissane lokka sjølvaste nissen ut av skogen. Alle fekk smake nissesjokolade. Så var det tid for graut. Ingen nissefest utan graut. Godt med god og varm graut i kulda.

Sjå bilder

 

Lys i mørketida (13.12.10)  AMU

Ute er det mørkt og kaldt, men inne har vi det godt og varmt og lyst. I dag var det ekstra mykje lys i mørket. Vi feira Luciadagen. Langt Luciatog med kvitkledde ungar og lys høyrer med denne dagen.

Sjå bilete her

Verkstad om jula. (09.12.10)  GFU

Alltid koseleg å lage noko frå julefortellinga. Elevane kosa seg på stasjonane.

Med snøen som lava ned, var det ikkje noko å seie på julestemninga.

Sjå bilete her.

 

 
Gode fellesopplevingar (02.12.10) AMU
 

Vi er heldige som kan ta med oss heile barneskulen på skøyteisen. Fantastisk flotte og flinke elevar. Vel framme på Stormyra var det først niste, så fekk vi nyte varm dessert rett frå grillen. Gode pakkar med epler, smør, sukker og kanel. Tusen takk til mellomsteget som tok jobben med å lage pakkane. Etter ei stund kom også dei eldste i barnehagen. Bra vi har trygg is som bar alle saman. Herlege dagar i vakkert vintervèr.
 

Les meir

Stormyra here we comes (25.11.10) AMU

Speglblank og fin låg isen der klar til oss då vi ankom Stormyra i dag. Strålande sol skapte reine idyllen der oppe på fjellet. Kjekt for alle frå 1. - 4. trinn å få erfare skøyteisen. Mange fekk prøve skøyter for første gong. Elevane var kjempeflinke. Fleire fekk skikkeleg dreisen på skøytene.

Les og sjå bilder

Foreldrekafe`.............(19.11.10)  GFU

1.klasse bad inn til kaffi og kaker, med litt underhalding.

Tusen takk for støtta.

Sjå bilete her

Fjelltur i India ...... (19.11.10)  GFU

Torsdag var1. klasse oppe på 8586 m.o.h. Utfordrane og spanande.

Sjå bilete her.

Rakettdag på Røhammeren..... (18.11.10) AMU
 

Det er mykje kjekt ein kan finne på å leike når ein finn ein grill i skogen. Den var alt frå rakett som for ut i verdsrommet, til ei tidsmaskin som reiste tilbake til den tida då dinosaurane levde. Vi hadde ein herleg utedag i strålande sol.

Les meir

Alle barn har rett til..... (11.11.10) AMU

Her i Norge har vi mykje å vere takknemlege for. Verkstaden i dag handla om saker som Unicef arbeider for, nemleg rettane barn har. Alle barn har rett til å få ete seg mett, ei seng å sove i , å få gå på skule, få hjelp når ein er sjuk, reint vatn.....

Vi fekk også høyre forteljinga om harane og sjakalane som skulle slutte fred. Moralen i eventyret var : Den som vil narre andre, kan bli narra sjølv.

Les meir

 

Kort reisebrev frå 1. klasse   (04.11.10) GFU

Bilete her

Plask , plask ut på tur.... (03.11.10) AMU

Det vart ein våt turdag for oss i dag, men pytt kva gjer vel det. " Vi tøle vatn". Ja, vi er meir som vikingar kom vi til. 2.kl tok turen via Vetteplassen og " Lissjemyra" før dei ankom Varden. 3. og 4. klasse var innom plassen der gapahuken skal kome og inspiserte der før dei kom til Varden. Det er alltid kjekt å kome til Varden. Der blir verdens beste hytter til og det er masse kjekt å finne på. Vi må nok innrømme at det var godt å kome inn igjen i dag. Koslig var det rett og slett. Då dempa vi lyset, åt mandarin og jobba i utebøkene våre.

Sjå meir

1. klasse på tur til India. (03.11.10) GFU

No er vi endeleg på reis.

Sjå korleis vi har det.

5. dag i leseveka     (22.10.10) BNA

Fredag inviterte vi dei eldste elevane i barnehagen på besøk til oss. Mellomsteget hadde smurt på rundstykker som dei serverte på 1. klasserommet. Etter matøkta, bar det ned i storsalen der alle gruppene viste kvart sitt eventyr, som dei hadde øvd inn på dramadagen. Alle var kjempeflinke, snakka høgt, las var fortellerar og spelte ulike roller. Mange hadde fleire roller for å få dekt opp heile rollelista.

Sjå bilete her!

2. dag i leseveka     (19.10.10) GFU

Verkstad med Askeladden og dei gode hjelparane.

Spanande å ha verkstad med alle 7 klassene.

Sjå bilete her

Pinnedyr-invasjon i 1. klasse (17.10.10) GFU

Her

Tusen takk til Rolls-Royce Marine,

som år etter år tenker på sikkerheita til 1. klassingane våre.

Litt meir her

Reveenka

I dag dukka det opp ein kar som vandra rundt i Norge og samla inn eventyr. Han var på jakt etter Norske folkeeventyr. Han heitte Asbjørnsen... Vi fekk også høyre om kameraten hans som heitte Moe. Etter vi hadde blitt litt kjend med desse to karane og arbeidet deira, var det tid for film der vi fekk sjå eventyret om Reveenka.

Les meir

Haustdag på småskulesteget (30.9.10) AMU

Hausten er ei fargerik tid. Då har trea og plantane kunstutstilling i skog og mark. Vi snakka om ting vi haustar inn og fekk høyre eventyret om den vesle raude høna. Det var god arbeidslyst på alle verkstadgruppene.

Les meir og sjå bilder

1.- og 2.- klasse på haust-tur til Varden.

Les meir her

"Lisjemyr-dagen" (23.09.10) BNA

 Ein flott utedag! Sjå her

Potetverkstad (17.9.10) AMU

Verkstaddagen denne veka handla om poteter. Vi lærte om settepoteter, potetkål, fører og kvar poteta kom ifrå. Ein kreativ dag på alle gruppene. Sjå bilete frå dagen her

Fruktsalat i fjøra. (09.09.10)  GFU

1. klasse på tur.

Sjå bilete her

 

Grilling av skive (9.9.10) BNA

3. og 4. steget leita etter biotopar rundt skulen. Vi grilla skivene våre på glør ved bålplassen Sjå bilete her

Godt med gulerot frå Ulla (9.9.10) AMU

I dag tok 2. trinnet turen til Ulla. Der fekk vi kome på besøk til ein åker med poteter og gulerøter. Det var stas å få ta opp poteter og gulerøter sjølv. Nam nam! Ullagulerota er verdens beste! Les meir

1. - 4. trinn på kosleg tur til bokbåten (8.9.10) AMU
 

Kjekt å få kome på besøk til bokbåten. Her finn vi nye og spennande bøker og får vere med på teater. Les meir.

Leikehytta har fått seg stige ! (8.9.10) AMU

Denne veka har 2.trinnet laga stige til leikehytta. Dei jobba som nokre heltar. Les meir

Prinsessa på erta: (4.9.10) GFU

Torsdag starta vi opp med verkstad.

Flinke gruppeleiarar.

Bilete kan sjåast her

 

BAMSEFEST (29.08.10) GFU

FINT BESØK I 1. KLASSE

Trykk her for å sjå fleire bilete

 

1.KLASSE PÅ BÆRTUR   (26.08.11) GFU

Torsdag rusta vi oss mot flottangrep, høge støvlar og regnkleda knappa godt igjen.

Dermed var vi klare for bærplukking.

 

Sjå kor flinke dei var.

Gøy med ripsbærplukking (26.08.10 AMU)

I dag var 2.trinnet på tur til Jogeir sin hage. Der plukka vi rips i lange baner. Det vart til herlig dessert med vaniljesaus + ripsgele. Nam nam! Les meir og sjå bilder her

Utedag til "Johannesfjøra" (26.08.10 BNA)

Første utedagen i det nye skuleåret. Trykk her for å sjå bilete frå turen.

1. SKULEDAG  (20.08 GFU)

 

Flott ver, flotte elevar, barneskulen nyoppussa......                                                                                       Berre glade fjes å sjå, så no ser vi fram til å ta fatt på eit nytt skuleår.

 

Her er nokre bilete frå 1. klasse

 

0. klasse på besøk.     (10.6.10)GFU

Torsdag 3.juni hadde 0.klasse ein skuledag saman med 1.klassingane og onsdag 9. juni hadde dei med foreldra på ettermiddagstid.

Sjå kor kjekke dei er:

Tre , blomster og rabarbra ( 3.6.10)AMU

Spennande dag i skogen med tre og blomster som tema. Forskning , øving på tre, og plantenamn stod på programmet. 2. trinnet laga god rabarbrasuppe til oss.

Les meir

Pinsetur i fjøra          (20.05.10)   (GFU)

1. og 2. klasse på tur i "Hallgeir-fjøra"

Sjå bileta her

Jettegryter, plantar og sandslott ( 20.05.10)AMU

Spennande utedag i Ullafjøra for 3. og 4. trinnet. I dag har vi lært om jettegryter og plantar. I tillegg hadde vi sandslottkonkurranse.

Les og sjå bilder

På tokt med Leiv Eiriksson (06.05.10) AMU
 


Ullaholmen kan brukast til så mangt. I dag var den arena for å lære om Leiv Eiriksson. Ein kreativ, artig, skummel  og spennande dag for 3. og 4. trinnet.

 

Les meir

Storylinen:                         27.04.10 GFU

På tur for å sjå kvar skulen på Åkre stod.

Her gjekk det over stokk og stein, mo og myr.

Sjå bilete her.

Spennande med storyline (22.4.2010 AMU)

Vi har reist tilbake til 1950-talet og prøvar å finne ut mest mogleg om dei tre skulane som var på øya den gongen. Vi ringer, intervjuar, les, teiknar, skriv, bygg og undrar oss. Elevane er veldig flinke og vi er godt i gong.

Litt bilder frå veka

1. og 2. klasse på tur til Åsgard                                (08.04.10) GFU

Torsdag 8. april gjekk vi gjennom Jotunheimen og over til Åsgard

Her møtte vi m.a. Fenrisulven.

Sjå meir her

Fugleobservatørar (08.04.10 AMU)

3. og 4. trinnet var i dag på "jakt" etter fuglar. Dei hadde med skjema der dei skreiv inn antall fuglar med teljestrekar. Vi såg mange fuglesortar på veg til Sjurlafjøra, både trekkfuglar og standfuglar. Då vi kom tilbake til skulen laga vi søylediagram i utebøkene. Vi behandla dei dataene vi hadde samla inn på turen. Elevane var ivrige og flinke.

Bilder frå dagen

Påskeverkstad

Torsdag 18.mars hadde småskulen påske som tema på verkstaden. GFU

Kom i påskestemning her

Plask, plask ! Vi marsjerer i gummistøvler..... (11.03.10)AMU

Gøy med utedag for heile barneskulen + dei eldste i barnehagen. Først var det natursti, så var det frileik. Masse spennande å leike med i elva og diverse dammar i dag. Kjekt å vere store og små ilag.

Bilder frå dagen

Karneval 2010( 1.3.2010 AMU)
Bildekavalkade - sjå her

Same-verkstad på småskulen (04.02.10)GFU

6. februar nærmar seg og då er tid for å lære om samane.

Sjå meir her

Verkstad om vinter og vinterfargar (28.01.10) AMU

I dag handla verkstaden om vinteren og korleis snøen fekk farge.
Vi hadde ein kreativ og spennande verkstaddag.

 

Les meir

1.-4.klasse: ski/akedag på Longva (21.01.10)GFU

Denne gongen var det småskulen sin tur til å nyte ein flott skidag.

Vi fekk boltre oss i bakkane og prøve løypene.

Sjå bilete her

 

 

Årstidsverkstad (7.1.2010)AMU

Spennande verkstad om året og månadene. Greier vi å lære namnet på dei 12 månadene og dei fire årstidene tru? Les og sjå meir frå årstidsverkstaden vår her

 

Luciadag på barneskulen (11.12.09) AMU

Luciadag med lun og god stemning. Store og små kosa seg ilag.

Les meir

Nissen kom til barneskulen  (10.12.09)     GFU

Les her:

Jul i Betlehem (3.12.09) AMU

I dag har vi på småskulesteget vore på reise til Betlehem ilag med Maria og Josef. Vi fekk høyre om englebesøk,fødsel i stallen,gjetarar og vismenn.

Les meir frå verkstaddagen gruppene. Under følgjer bilder frå ein kjekk dag.

Til alle foreldre på barneskulen!

Elevane på barneskulen har no tilbod om vaksinering mot svineinfluensa. Ta kontakt med legekontoret: 70207720. Elevane har fått ein lapp om dette i sekken.

 

Kroppen utedag. 1. og 2. klasse (26.11.09) GFU

I dag fekk kroppen brukt seg skikkeleg

Sjå her:

Bakedag (26.11.09) AMU

I dag brukte vi utedagen til baking. 3. og 4. trinn har hatt storyline og vore på reise rundt i Norge. Som avslutning på turen kosa vi oss med sjølvlaga horn. Mmm! Dei var gode!

Les meir

Vestly-verkstad (19.11.09) HSR

På barneskulen har 1.-4. klasse temaverkstad annakvar torsdag. I dag var temaet Anne Cath. Vestly. Elevane fekk høyre om kven ho var, dei fekk sjå nokre av alle bøkene ho har skrive og så fekk dei høyre eit utdrag frå boka "Lillebror og Knerten". Etter denne innleiinga gjekk elevane i ulike grupper for å lage noko frå det dei hadde lært om Anne Cath. Vestly.

Sjå bileter her

Katten med støvlane! (AMU 5.11.09)
Verkstaddagen i dag vart ein litt annleis dag. Alle elevane på barneskulen hadde verkstaddag ilag. Eventyret om Katten med støvlane var dagens tema. Det var fin stemning rundt på heile skulen. Intens jobbing og flotte produkt. Fantastisk flinke og kjekke elevar. Kjekt at store og små kan jobbe så fint ilag.

Les meir

Nepal: Kven er dette ?

Det finn du ut her

Vi lærer om mønster i 1. og 2. klasse

Mønster ser vi overalt i kvardagen vår. Å kunne oppdage mønster er grunnleggande i matematikk. Å kunne analysere mønster som gjentek seg er fin førebuing til at elevane seinare skal kunne sjå talrekkjer i matematikken. I dag har vi snakka om kva mønster er, og så har vi laga våre eigne mønster ved hjelp av perler.

Sjå fleire bilete her.

 

1. og 2. klasse på oppdrag i Nepal (15.10.09)GFU

Les framhald her:

Hotell i skogen ( 15.10.09 )AMU
Visste du at det er eit hotell i skogen ovanfor byggefeltet på Austnes? I dag var det fullt hus der. Alle frå 3. og 4.steget + ei heil rekkje figurar med artige namn. Vi hadde ein herleg dag i skogen. Smiing og hytte/hotellbygging stod på programmet.

 

Les meir

1. og 2. steget har reist til Nepal (14.10.09) HSR

1. og 2. steg er med i FORUT sin barneaksjon. Tanken er at ungane gjennom aktivitetar, film og musikk skal lære korleis born i andre land har det. I 1. og 2. steget starta dette prosjektet med eit brev frå ein gut som heiter Omis. Han bur på barneheim i Katmandu og vil gjerne ha besøk av elevane frå Haramsøya. Så denne veka har elevane på 1. og 2. steget laga seg pass, tenkt ut kva dei treng å ha med seg og ordna seg billetter til Nepal. Og i dag tok dei Øyprins til Vigra der dei sette seg på flyet som tok dei til Nepal. 

Les meir

Grønsakverkstad på rim!
24.09.09 AMU

I dag var vi på "besøk" i grønsakhagen til ei jente som heiter Mari. Vi vart kjende med ulike grønsaker gjennom fengande vers som gjekk på rim. I tillegg høyrde vi om ein potetfamilie som venta på regn og sol og som hadde draumar om kva dei skulle bli når dei vart stor.

Vil du vite meir ? Les her

JAMVEKT, KVA ER DET ?

Utedag for 1. og 2. klasse                                                         (17.09.09)

Les her

Gøy med strekkmotor !
17.09.09 AMU

Vi på 3. og 4. trinnet testa ut dei nye "strekkmotorbåtane" våre i dag. Det var gøy!

 

Les meir

Verkstaddag om Tornerose
10.09.09 AMU
 

Ein litt ustyrleg hest i Skodespelet om Tornerose :)
Vil du vite meir om den første verkstaddagen vår?
 

Les her

Herlig utedag i Ullafjøra!

3. og 4. trinn tok turen til Ulla denne gongen. Vi har lært mykje om livet i fjøra, så no var det kjempekjekt å leite etter alt det spennande vi hadde sett og lest om.

Les meir

1. OG 2. KLASSE PÅ BLÅBÆRTUR, SÅNN PÅ TAMPEN AV SESONGEN.(27.0809)

 

Les her

1. og 2. klasse på tur i Hallgeir-fjøra.                   (20.08.09)

 

Les her

1 skuledag.     (19.08.09)

No er vi i gong !

 

Kva skjer i storylinen ?                  (30.04.09)

                                                        

Sjekk her

Undretur for småskulesteget ( 17.4.09)

I går kom det to damer på besøk til oss i småskulen. Dei hadde ikkje vore på øya sidan dei var små, i 1950 åra. Dei kjende seg ikkje igjen. Dei hadde funne berre ein matvarebutikk som var open og ingen andre. Dei som skulle ut å kjøpe seg garn og broderi. Svoltne var dei også. Ikkje eit bakeri å oppdrive....

Slik starta storylinen og utedagen vår i går. Så var det tid for ein liten detektivtur, undretur.
Kan det ha vore butikk i dette huset tru ?

Les meir

Endeleg fjøretur!                                                     (02.04.09)

 

1. og 2. klasse boltra seg i fjøra.

Sjå bileta her

 "Spleise-tur".                                 (19.03.09)

1. og 2. klasse på tur saman med barnehagen

Les meir

 

Temaveke på barneskulen denne veka!

Fysisk aktivitet står i fokus. Det blir aktivitetsløyper, sykkelløype, fjelltur, stjerneorientering med meir.

Les meir

THEODOR KITTELSEN                                    (12.03.09)

 

Torsdag 12.3 hadde småskulesteget verkstad om kunstnaren Th Kittelsen

 

Les meir

Utedag til Røhammaren - no skin sola (05.03.09)                                                               

Torsdag 5. mars var 1. og 2. klasse på tur.

Les meir

 

Herlig vårvèr på utedag ( 05.03.09)

Den glade vandrer kalles jeg... I dag gjekk vi først til Røhammeren, så var det Stormyrhaugen og til slutt Varden. Ein herlig tur i fantastisk vèr.

Sjå bilder

KARNEVAL                            (20.02.09)

Fredag før vinterferien var det stor stas med karneval for heile barneskulen

 Dette må du berre sjå

Ski og akedag i Jo-Karl-Martin bakken ( 12.02.09)

Ein super vinterdag med mykje moro i akebakken. I tillegg var det skirenn med ulike aktivitetar.
 

Les meir her

SKØYTEDAG PÅ LISJEMYRA.(05.02.09)

TORSDAG 5. FEBRUAR VAR SMÅSKULEN UTE PÅ GLATTISEN

Les meir

 

Livleg på bokbåten(04.02.09)
I dag var det liv og røre på bokbåten. Vi var nemleg på konsert med "Trommelars".

Les meir og sjå bilder

SYDPOLEN

Torsdag 22. januar gjekk 1.- og 2.- klasse til Sydpolen.

Det var mykje planlegging av naudsynt utstyr og rett ruteval på kartet.

Så glad vert ein når ein endeleg når målet.

Les meir.

Symboljakt !

I dag har 3. og 4. trinn vore på symboljakt. Vil du vite meir om kva vi fann må du
lese meir her.
 

I dag handla verkstaden om planetane, solsystemet og månadene i året.
Grethe hadde mykje spennande å fortelje og vise oss. Rundt omkring på gruppene vart det laga flotte ting frå verdensrommet. Her følgjer litt bilder frå ein kjekk dag

Les meir

Stemningsrapport frå juleverkstaden på barneskulen

Les meir

Verkstaddag om juleforteljinga

Les meir

Bli med oss til Taremareby.

Torsdag 20. november hadde 1.-4. klasse verkstad om Ingebrigt Davik.

Les meir

 

 

Trollbesøk!

Måndag fekk heile barneskulen + dei eldste i Barnehagen eit kjekt besøk frå Kultursekken. Vi var på Trollteater.

Les meir

 Full rulle !

Utedag på Varden 13. november.

 

Les meir.

Nokre glimt frå steinalderstoryline

I 3. og 4. har vi vore på reis til steinalderen i 3 veker.
Det har vore veldig spennade og lærerikt.

Les meir

           På tur til Nepal

No har 1. og 2. klasse nett landa på Vigra, etter ein spanande tur til Nepal.

 

 

Les her

 

Ein dag med mat og helse som tema på småskulesteget.
 

Les meir

Steinalderdag i skogen

3. og 4. trinn er for tida i steinalderen. I dag var vi i skogen og laga skinntelt, bål, pil og boger m.m.
 

Les meir

                                                           Torsdag 23. oktober hadde vi :

FN-verkstad

Les meir

Matematikkverkstad med mønster som tema

Trening i å lage mønster på mange ulike måtar.

Les meir

" Mønsterdag " på Varden

Turen denne veka gjekk til Varden. I dag var vi ilag alle frå 1. - 4. klasse. Der hadde vi mellom anna til oppgåve å lage mønster. Vi fekk ein super dag med flott haustvèr.

Les meir

Leselystaksjonen 2008
I år startar leselystaksjonen måndag 20.oktober og varer til 21. november. Alle klassene på barneskulen deltek og vi vil ha ekstra fokus på lesing og leselyst denne tida. Vi oppfordrar heimane til ein ekstra leseinnsats desse vekene.
Målet med aksjonen er å motivere borna til leselyst. I år er det søkjelys på Polarområda i aksjonen. Så no er der berre å leite fram gode bøker og jakte på gode leseopplevingar og auka leselyst.

"Vil du vere med , så heng på !"

I dag var det eventyret om Askeladden og dei gode hjelparane som stod på programmet til 3. og 4. trinnet. Vi leika og dramatiserte i skogen ved Røhammaren.
 

Les meir

 
HAUST-UTEDAG 18. SEPTEMBER 08

1.og 2. klasse fann m.a.hausthjelparar.

Les meir her

Nysgjerrig på naturen

Full aktivitet i skogen med natursti. Den handla i dag om dyr og plantar i skogen. I tillegg var der ein del fysiske aktivitetar og kreative aktivitetar på postane. Vi avslutta dagen med båtrace i elva. 
 

 

Les meir

Sjuande far i huset

Den første verkstaden i år handla om eventyret : Sjuande far i huset. Her var det mykje spennade å få til på dei ulike gruppene. Her vart det mange flotte fedre, hus , måleri m.m. Dramagruppa hadde fått til heile eventyret.

Les meir
 

1. - 4. klasse tok turen til fjells og til skogs denne 2. skuledagen. Målet var å få trimma litt + å finne nok blåbær til sylte. For sylte må ein ha når ein skal kose seg med vaflar. Nam nam ! Det vart verdens beste blåbærsylte. Ein herlig dag med flott temperatur.

Les meir

HAWAII DAG

Tirsdag 13. mai avslutta barneskulen badeperioden for i år med Hawaii dag.

     Les her

Pinseverkstad !
Kreative og flinke elevar i 1. - 4. klasse lærte om pinse.
 



Les meir

Fantastisk flott utedag på Ulla !
1. - 4. trinn hadde ein super utedag til "klyngjetunet" på Ulla.

 

Les meir

Kva skjer i storylinen på Ulla ?

Talet 1849 blinkar inne i tidsmaskina til Ulrik. ? Greier elevane å finne ut kva det er med dette talet ?

Vil du vite meir må du klikke her
Jippi Storyline !    

Ei tidsmaskin har landa på barneskulen. Inne i den bur Ulrik. Ein grøn liten kar som ikkje kan gå ut av maskina. Han har funne ein del mystiske bilder i arkivet sitt. 1. - 4. trinn har sagt seg villige til å hjelpe han.

Les meir

Tur til Johannesneset 3. og 4. trinn
Turen i dag gjekk til Johannesneset. Der laga vi akvarium. På heimturen leita vi etter vårteikn.



Les meir
Vårfest
Eit av vårteikna for oss på barneskulen er den årlege vårfesten vår. Då kosar vi oss ilag alle saman. 7. klassingane er flinke vertar og programleiarar. 6. klasse serverar maten og 5. klasse har ansvar for påskespelet. I 3. og 4. klasse er det flotte vårdikt som står på programmet. 1. og 2. klasse lagar flotte bordkort.
Les meir
               PRØYSEN       MØTER DISNEY

Søndag 9. mars hadde vi  konsert saman med korpset. Etter veke med intens øving på Prøysen-songar, for både kor og solistar, var det stort å kome til full sal og flott steming. I år var det ekstra stas med besøk av åreknutekoret Fistelsprekken.  Les meir

Påskeverkstad
Verkstaden denne veka handla om vår og påske.
Her kjem nokre glimt frå dagen:

Les meir
 

Velkommen til konsert søndag 9.3 kl. 15.30

No gler vi oss veldig til Prøysenkonserten ilag med korpset. Vi har øvd på songar, dans og skuespel og vi har laga flotte måleri til å pynte konsertlokalet med. I tillegg har vi lært mykje om Alf Prøysen. Vi hadde verkstad der han var tema. Bilda viser litt av førebuingane til konserten. Velkommen på konsert !      Bilder

.

 

 

EGYPT UTEDAG

Torsdag 21. februar "reiste" 1. og 2. klasse til Egypt. Dei vart delt inn i grupper og fekk ulike oppdrag. Desse meistra dei svært godt. Egypt vart forma i sanden, det vart laga pyramidar og sfinksar.Etter endt oppdrag kosa vi oss med mat ved Keops-pyramiden.( Eller var det teltet?)

Les meir

Utedag på Varden

3. og 4. trinn hadde seg ein frisk utedag på Varden. Tema i dag var Haram Kommune og Møre og Romsdal fylke. Super innsats på naturstien.
Les meir

Karneval
Tradisjonen tru hadde barneskulen karneval siste skuledagen før vinterferien. Her var det mange flotte kostymer , herlig mat i kafeen og masse aktivitetar å vere med på. Vil du vite meir om billøp, sminkebud, spøkelsehus, spådamer, bowling m.m, så må du lese HER

Kjekt på bokbåten Epos
Turen vår gjekk i dag til Rognekaia og bokbåten. Vi lånte masse bøker og såg på teateret Sirius. Det handla om ein hest og ein flodhest. Kjempekjekt!

Les meir

I sameland
I dag handla verkstaddagen om samane. Vi lærte om flagget, klede, korleis dei bur i dag og før. Vi høyrde  forteljing om Matti og Aslak. Vi lærte også litt samiske ord. Vil du sjå litt av det vi gjorde på kan du sjå meir her.
Les meir
Matteverkstad
Denne gongen handlar verkstaden om symmetri, symmetriaksar, spegling, forskyving og rotasjon. Masse spennande aktivitetar.
 

Les meir

Besøk av Stjerneteltet!
Måndag 28. januar fekk 1. - 7. trinn besøk av Kultursekken.
Studentar frå Høgskulen i Volda var med stjerneteltet.
Dei lærte oss meir om stjernehimmelen og alle stjerneteikna. Vi fekk også lære om dei samiske stjerneteikna. Det var spennande!

Les meir

               UTEDAG 24JANUAR                                            

FUGLEMAT, DRAMA OG EKSPEDISJONAR

Klikk her

Spennande verkstad om vèr
Denne veka handla verkstaden om ulike vèrtypar og vèrfenomen. Vi høyrde musikk av Vivaldi , såg på snø, is, yr og laga regn. I tillegg såg vi på flotte måleri av kunstnaren Peder Balke. Mykje spennande vart laga. Vil du sjå meir ?

Klikk her

Utedag på isen
 

1. - 4. trinn storkosa seg på " Lissjemyra ".
Vil du sjå bilder frå utedagen vår:

Klikk her

EIN DAG........

Konsert for 1. - 7. trinn. Vi fekk besøk av tre aktørar. Ein på flygel, ein på fele og ei som spelte ein dag i ei lita jente sitt liv. 4 modige jenter frå 3. og 4. trinnet var med og slo hjul, stupte kråke m.m 

Les meir

Verkstad om solsystemet vårt.

Vi starta det nye året friskt med verkstad første dag.                  Les meir

  NISSEGRAUT 

                                                                        18. DESEMBER                 Les her                                                  

JULEVERKSTAD PÅ BARNESKULEN

Vi er no midt inne i juleverkstaden. Koslege dagar på barneskulen, med blide og fornøgde ungar som lagar flotte produkt. Ekstra kjekt er det at foreldra tek seg tid til å stikke innom og gje ei hjelpande hand. Her er nokre glimt frå juleverkstaden.

Les meir

Verkstaddag om jul og vinter

Adventstid og vinter var tema på verkstaden denne veka.
Vi høyrde historia om Mons og Marit + litt frå Juleevangeliet.

Les meir

Jeg vil bygge meg en gård......
3. og 4. trinn hadde framføring av storylinen sin torsdag 29.11.
Veldig kjekt med besøk av foreldre, søsken, besteforeldre m.fl.

Les meir

Les meir

Torsdag 22.november hadde vi verkstad med kunstnarar som tema. Denne gongen var det Oda og Christian Krogh.

Vi fekk høyre om eit fargerikt liv ,og ikkje mindre fargerik var måleria deira. Det kvardagslege fanga merksemda til ungane. Vi er igjen imponerte over produkta og kreativiteten dei viser på dei ulike gruppene.


Klar for omvisning
Les meir
Tur til meieriet

Torsdag 15.11 reiste 3. og 4. trinn på tur til meieriet i Ålesund.
Jan Ove Austnes tok flott imot oss. Han viste oss rundt på heile meieriet. Tema denne dagen var : Frå ku til kartong.



Les meir:

Kroppsverkstad

 

VERKSTAD OM KROPPEN 1. - 4. TRINN
Torsdag 8.11 hadde vi verkstad om kroppen.
Då lærte vi om dei indre organa i kroppen vår.
Det var veldig spennande. Vi lærte om hjartet,
nyrene, lungene, levera, magesekken og tarmane.
Elevane laga kreative og spennande ting på
verkstaden i dag.

Føreverkstad