|
|
KARNEVAL (20.0209) Fredag før vinterferien var det stor stas med karneval for heile barneskulen |
|
20. februar var det duka til karneval på barneskulen. Elevane hadde førebudd seg i fleire dagar. Mellomsteget baka fyltehorn til heile skulen Spøkelsehus vart bygd , sminkeboder sett opp, sing star vart rigga opp, bilbaner limt på golva og spåboder kom opp i fleng. Det vart laga plakatar , fastelavensris , dukar i friske fargar, teikningar , masker av klovner, prinsesser, hunder og menn pynta opp i gangen. Karnevalssongar vart øvd inn, rytmeinstrumenta kom på plass......., så du skjønar dette måtte berre bli bra. Dagen starta med med skramletog til ungdomsskulen, her vart det risla og rasla. (1.-4.klasse). Vi held fram med tryllekunstnar, Tea kunne mange lure triks. Det var kappkøyring med fjernstyrte bilar, ikkje lett å treffe løypa når farta vert høg. Mange skjebnar vart lagt fram av dei fantastiske spåkonene, vi har mykje å sjå fram til. Det hadde kome ein katt opp i tønna , han måtte vi få ut. Vi slo katten ut av tønna, tenk han var fylt med Dumle karameller. Nam-nam. Kl 10 var vi saman med mellomsteget. Dei opna kafeen med nydelege skinkehorn, popkorn, saft og fruktspyd. Elles var det fritt for å boltre seg på dei ulike stasjonane. Spøkelses huset vart besøkt med skrekkblanda fryd. Hyla kunne ein høyre lang veg. Mange fekk fiksa på makeupen, eller måla på seg sommarfuglar o.l. Det pågjekk ein konkuranse om å synge styggast, seieren gjekk til Amalie, Kristina og Jeanette. Tida gjekk rasande fort og snart var det det duka for avsluttningsprogram og premieutdeling. Vi fekk danseoppvisningar, leikar, klovneriar og høyre dei verste songane. Det heile var flott leia av Amalie og Kristina. Det var ein super dag, der alle hadde det gilt.
|
|
Klargjering på lærarrommet |
![]() No blir det ! |
Opning av fellesprogrammet. |
Hårreisande programleiarar. |
Kven er
dette? |
![]() |
![]() Eine songen verre enn den andre. |
![]() |
Sminkeboda.![]() |
|
Skrekkog
gru !!!!!!!!!!!!!!!!!!! |
![]() |
Mange syngande stjerner |
![]() |
Her går
det unna. |
![]() |
![]() |
Mystisk |
Multiplikasjonskunnskapane
testast. |
Inn i mellom må vi ha litt
meir påfyll. |
Dans og song |
![]() |
Klovnerier. |
Når opp blir ned. |
Ingen kommentar. |
Fargerikt |
Klar, ferdig, gå!!!!!!!!!!!!1 |
![]() |
![]() |
Stod det over i år og`. |
Klar til skramling |
Flott gjeng. |