KATTEKISTA

Med den lunefulle katta som tema trekte dei to musikarane borna med i song på fleire måtar. Og kva gjer ein dersom ein er for sjenert til å stå fram? Kan likevel det å synge med den stemma ein har - og saman med andre - lokke fram song-gleda og ei kjensle av fridom?
Det heile starta med at pianisten var for sjenert til å kome ut av eska han hadde gjøymt seg i.
Han vart etterkvart lokka utav eska...
...og fekk vise at han var ein glimrande musikar.
Temaet var katt og då hadde sjølvsagt artistane med seg ei katt!
Ivrige elevar får lov til å klappe katta.
Til slutt vart elevane spurt om nokon var modige nok til å kome opp på scena og vere med på "juba, juba", og det var det sjølvsagt!!