![]() |
|
![]() |
![]() |
| Vi kom til Brattvåg ca klokka 16. Da vart det litt venting utanfor skulen. | Ventetida vart på ein måte litt
kortare då Krabbe Krølle dukka opp i lag med nokre vener. Og det var ekstra moro at vi alle dro kjensel på denne Krabbe Krølle under den rosa, fine drakta... det var Kenneth!! |
![]() |
![]() |
| Då måtte vi sjølvsagt ha eit oppstilt bilete | Før vi skulle gå i "fiskestim" til kulturhuset var det nokre av elevane som øvde litt både på å smile pent og å vifte med fisken. |
![]() |
![]() |
| Her har alle stilt seg opp bak Brattvåg Trommekorps som skulle gå heilt framme | Sjå for ein fin stim!! Mykje refleks øydela litt for fotoforholda men det er vel viktigare med refelks enn gode bilete... |
![]() |
![]() |
| Då vi kom fram til kulturhuset var det offisiell åpning og nokre velvalde ord. Det var berre så synd at berre dei som stod heilt nær kunne høyre det som vart sagt. Her burde dei ha nytta ein mikrofon eller ein "ropert" | Etter fiskeburger og fiskotek var vi klare for forestilling. Det kan sjå ut som om det å vente her var noko skremmande for Beate, men... |
![]() |
![]() |
| Det var mange foreldre som ville vere med oss denne kvelden og det var veldig kjekt! og sjå kor blide dei var! | Vi var så heldige at vi fikk sitte heilt framme i storsalen under generalprøven. |
![]() |
![]() |
| Forestillinga byrja klokka 18 og de|t var mange spente ungar rett før. | Då var det kjekt at ein av skodespelarane kom fram litt før og snakka med publikum |
![]() |
![]() |
| Ein tøysete Ingebrikt frå stykket Taremareby! | Så var forestillinga i gong. Tidleg i stykket møtte vi Flyndrefanten, Flyndrefrøken Fine og Lakse Lars. Lakse Lars lurte Flyndrefrøken Fine vekk frå den kvite sandflekken slik at ho vart teke til fange av Krabbe Krølle |
![]() |
![]() |
| Då Kong Kveite fekk høyre dette vart han lei seg, men Flyndrefanten ville fri henne frå Krabbe Krølle som hadde tenkt å gifte seg med ho. | Flyndrefanten fant ut at det berre var ein måte å øydelegge tarefela til Krabbe Krølle på. Han måtte symje til sverdfisken. På veg dit møtte han hushjelpa til dei fire fine rekefrøknene og ho hadde ei syster som arbeidde hos sverdfisken. Ho ville vise veg. |
![]() |
![]() |
| Etter litt lirking og luring fekk Flyndrefanten med seg sverdfisken attende til Taremareby | Medan Flyndrefanten henta sverdfisken freista dei fire fine rekefrøknene å kjøpe fri Flyndrefrøken Fine, men det gjekk ikkje! |
![]() |
![]() |
| Med sverdfisken si hjelp vart tarefela øydelagt og Krabbe Krølle måtte finne seg i at Kong Kveite fekk att makta i Taremareby og Flyndrefrøken Fine vart sett fri. | Ein glad Flyndrefant og Flyndrefrøken Fine rett etter at ho vart sett fri |
![]() |
![]() |
| Kong Kveite og mor til Flyndrefanten vart òg glade! | Så vart det fest i Taremareby!! |
![]() |
![]() |
| Fiskane vi hadde laga hengte vi i garnet på kulturhuset. | Så var ein lang, men kjekk dag snart slutt. Tru om det var mange som drøymde om Taremareby då dei la seg denne kvelden!? |