TEAMBUILDING PÅ GOALDET

Vi kunne like godt ha kalla det for "bli kjend-tur" men det er så populært for tida å kalle slike turer for teambuilding så då gjer vi det òg! Fyrste pust i bakken
Vi var heldige med veret, hadde sol og minimalt med vind heile turen. Vi skimtar toppen i det fjerne, det ser i grunn ikkje så langt ut...
Det var kjekt å ha med "hare" på turen. Vil du vere med så heng på!!
Stien opp til Goaldet var tørr og fin denne dagen. Ikkje lett å halde følgje med dei sprekaste.
Elevane i 8. klasse var positive og kjekke på tur. Nokre parti var utruleg bratt så det var i periodar mykje mjølkesyre i føtene.
Vi hadde god tid så vi tok fleire pauser på veg opp. Godt å "fylle på" med litt drikke og litt mat.
Ut på tur, aldri sur! Utsikta oppe på Goaldet var fantastisk. Vi såg langt både sørover og nordover. Her ser de Svinøy Fyr.
Nesten oppe! Jippiiii!! Vi klarte det!!

Ein fornøgd gjeng som har vore til topps på Goaldet 490 meter over havet