Første skuledag for 8. klasse

Torsdag 19. august kl 08.30
Vi skal ha klasserommet lengst borte i gangen, med andre ord det som ligg nærmast vegen opp til grasbana.

Første dagen vert det mykje nytt å gjere seg kjent med. Vi skal bli betre kjent med kvarandre, og vi skal også verte
kjent med ein del rutiner.

Skuledagen ser slik ut:

1. time 08.30 - 09.20
Friminutt 09.20 - 09.35
2. og 3. time 09.35 - 11.05
Matfriminutt    11.05 - 11.40
4. og 5. time 11.40 - 13.10
Friminutt 13.10 - 13.25
6. time   13.25 - 14.10
   

Hugs å ta med matpakke!!  
Det vert mogeleg å bestille seg mjølk ved å skrive seg på liste første skuledag. Elevane kan velge mellom 1/4 liter lettmjølk, 1/4 liter ekstra lett,
1/4 liter kakaomjølk eller 1/2 liter lettmjølk.
Alle elevane får gratis frukt kvar dag.

Første vekeplanen kjem på tysdag.

Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart. Vi ser for oss at vi inviterer til foreldremøte i løpet av dei første 3-4 vekene.

Er det noko som er uklart, er det berre å ta kontakt.

Kenneth:
Mobil 41 21 26 98
Jobb 70 21 44 75

Epost: kenneth.ulla@haram.kommune.no