| 9. klasse med badeprosjekt |
| Dette skuleåret har 9.klasse inngått ein avtale med sin kontaktlærar Sigrun om å bade i sjøen ein gong i veka heile skuleåret. Kriterie for godkjent bad er at kvar elev tek 10 symjetak. Trudde du at kontaktlærar Sigrun står på kanten og ser på, må du tru om att; ho er med og skal bade kvar gong elevane gjer det! Tøft! Då er det verre med kroppsøvingslæraren... Men nokon må vere badevakt!! For at dette skal bli interessant og lærerikt skal dei føre logg med temperatur i lufta og i sjøen kvar gong dei badar. I dag var det heile 16 grader i sjøen! |
|
I unormalt høg temperatur både på land og i sjøen brukte elevane heile skuletima til å bade i dag. Det spørs om ikkje badeseansen blir noko kortare utover hausten og vinteren... |
|
Med tomt basseng på skulen kan det vere greit å få finpussa symjeteknikken litt i sjøen. |
|
Dei som kjenner denne karen veit at han aldri seier nei til eit bad. Sjå kor blid han er!! |
|
Elevane målte temperaturen i sjøen fleire gonger og på fleira stader for å sjekke at dei fekk rett mål. |
|
Elevane spurte mannskapet ombord på Norskyss om lov til å hoppe fra båten. Det fekk dei lov til og då var det klart for vannshow/hoppeshow. Det vart i grunnen mest show før dei kom seg opp på, og over rekkverket... |
|
Det gjeld å halde for nasa i svevet slik at ein ikkje tek inn for mykje luft... |