|
5
rette (15.01.10) HSR Heile 1.400
elevar frå 20 ungdomsskular spredt frå Nordfjorden til
Romsdalsfjorden var med i nyhetskonkurransen ”5
rette”som Sunnmørsposten arrangerte i haust.
Sidan den 12. oktober har elevane fått 5 spørsmål frå
nyhetsbildet kvar veke. Dei tre beste laga skulle møtast
til finale på Color Line stadion. 9. klasse si gruppe 9D
låg på første plass før finalen og dermed vart det tur
til byen. På grunn av at det vart delt 3.plass var det 4
lag som møtte til finale. Skarpare konkurranse med andre
ord...
Les og sjå meir her |
 |
Meir
badebilete
(15.01.10)HSR
Kuldegrader og mykje snø har vore populært hos både unge
og gamle i desember og januar. Sjeldan har vi hatt
anledning til å dyrke vinterlege aktivitetar så lenge på
ein gong. MEN når ein skal bade i sjøen kvar torsdag, er
det nokre av oss som kanskje skulle ønskje at det ikkje
var fullt så kaldt...Sjå
fleire bilete her. |
 |
|
Robolab
(28.10.09)
IP
Her er nokre bilete frå Robolab
førebuingane. |
 |
|
Knivmaking
i kunst og handverk (15.10.09)
HSR
I haust starta 9. og 10 steget
på eit prosjekt i kunst og handverk i lag. Målet er å
lage kniv og slire. Vi har kjøpt knivblad men alt anna
skal vi lage sjølv. Elevane synest dette er kjempeartig
og dei to timane vi har til disposisjon i veka går
frykteleg fort...
Sjå
fleire bilete |
 |
|
Avslutning
på bolk 1 (15.10.09)
HSR
På ungdomsskulen er skuleåret
delt inn i 6-7 bolkar fordi vi tidvis har behov for å
periodisere fag eller tema. Vi avsluttar kvar bolk med
ei samling i gymsalen der kvar klasse skal ha ei eller
fleire framføringar knytta til det dei har arbeidd med
i bolken. Stega har ansvar for å leie denne stunda
annakvar gong. Den første bolken var ferdig til
haustferien. For 8.steget var dette fyrste gong dei
deltok på bolkavslutning, noko dei meistra på ein
framifrå måte!10. steget var ansvarleg og hadde to
stødige programleiarar i Maria og Emily.
Sjå
fleire bilete |

|
|
Varmare
i sjøen enn i lufta!
(26.09.09)
HSR Badeprosjektet i
9.trinn går sin gong og i dag var faktisk sjøen varmare
enn lufta. Med kun 6,5 grader i lufta og snø på
Gamlemshveten var det ein smule kaldt å kle av seg for å
hoppe uti. Men tøffingane i 9.trinn tok sine 10 symjetak i sjøen som heldt 9,5 grader i dag. Då dei
skulle opp og kle på seg fekk deg selskap av ei
utrivelig haglebyge. Dagens erfaring: Hagl gjer ondt på
naken hud!! (Om de ser godt etter på bilete så ser de
hagl på fjølene på flytebrygga...) |
 |
|
9.klasse med badeprosjekt (20.08.09)
HSR
Dette skuleåret har 9.klasse
inngått ein avtale med sin kontaktlærar Sigrun om å bade i sjøen
ein gong i veka heile skuleåret. Kriterie for godkjent bad er
at kvar elev tek 10 symjetak. For at dette skal bli interessant
og lærerikt skal dei føre logg med temperatur i lufta og i sjøen
kvar gong dei badar. I dag var det heile 16 grader i sjøen!
Les meir og sjå fleire bilete her |
 |