Knivmaking

Berre blide elevar å sjå på sløydsalen desse timane! Her ser de eit noko uklart, men elles glimrande knivskaft.

 

Skaftet skal ha form som kroppen på ein fisk. Brei på midten og så skal det vere symetrisk. Då må ein "sikte" litt mellom spikkinga. Vi har lagt kunst- og handverktimane på 9. og 10. steget parallelt slik at det blir meir aldersblanda og sosialt. På denne måten er vi også to lærarar i desse timane noko som gjer at dei som har behv for hjelp får det lettare.

 

Etter at spikkejobben er gjort, må ein pusse, pusse,pusse og pusse. Først med grovt pussepapir deretter finare og finare papir. Til slutt pusser vi med papir nr 800 og 1200

 

Dette er eit fint prosjekt til å diskutere bruksform, design og estetiske uttrykksformer i. Det er ikkje alltid at elevar og lærarar er einige PS! Læraren er ikkje så sur som ho ser ut til å vere...

Pussing kan vere kjedeleg, men etter ei stund blir ein så god at ein kan gjere det i søvne/blinde...