Filmprosjekt i 9. og 10. klasse 2011
Her er lista over dei sju filmane:


- Dødsnummeret
- Den mørke skyggen
- Ein annerledes ettermiddag
- Spoonkiller
- Prestefrua
- Vandrende rykte
- Payback
 

Alle elevane har laga eit forslag til eit manus. Så vart elevane delt i grupper. Innad i desse gruppene fekk dei presentere manuset dei hadde laga. Ut i frå denne presentasjonen valde gruppa eitt av manusa som dei ville produsere.

Derfrå arbeidde gruppa i lag om filming, redigering og finjusteringar. Resultata vart bra!

I utgongspunktet var dette eit prosjekt som vi som skule ikkje kan gjennomføre med det utstyret vi har. Elevane var derimot såpass motiverte at dei ville stille med kamera og redigeringsutstyr sjølv.

Eit slikt prosjekt er veldig lærerrikt. Elevane får faglege utfordringar, men også eindel utfordringar knytta til planlegging, samarbeid og prioriteringar.

Og så er det alltid kjekt å gjere noko PRAKTISK!!!

Her er prisvinnarane samla. Frå venstre står dei fire som hadde laga den beste filmen; Prestefrua. Til høgre står dei to som fekk prisen for beste kvinnelege- og mannlege skodepeler!!