Foreldremøte tysdag (HSR
09.09.11)
Ny dato for klasseforeldremøtet er no sett til tysdag 13.
september klokka 19.00 - 20.30. Innkallinga vart sendt med
elevane heim i dag fredag 9. september. Du finn innkallinga
her (Microsoft Office Word)
Nytt skoleår (HSR
09.09.11)
Då er skuleåret godt i gong og endeleg skjer
det noko her på heimesida vår. Vi har ambisjonar om at de skal
finne oppdatert stoff knytta til klassa her med jamne mellomrom.
Legg spesielt merke til punktet i menyen til venstre som heiter
ranselpost. Der vil eg prøve å leggje ut alle ark og beskjedar
som elevane får med seg heim i sekken sin. Det er ikkje alle som
er like flinke til å hugse at heimen skal ha desse arka og så
har dei ei eiga evne til å forsvinne sporlaust...
|
|
Mat
og helse (HSR 09.09.11)
Dette skuleåret skal elevane i 9.klasse ha faget mat og
helse. Dette faget har elevane berre eitt av åra på
ungdomsskulen og det betyr at den karakteren som står på
karakterkortet til sommaren, også vil stå på vitnemålet.
Det er ikkje alltid så lett å tenkje på karakterar når
ein har det kjekt på kjøkenet og deigen nesten kjem over
bollen.
Sjå bilete og les om brødbaksten vår
her.
Nasjonale
prøver (HSR 09.09.11)
9.
klasse skal ha nasjonale prøver i år også. Den første
blir i lesing og skal gjennomføres nå onsdag 14.
september. Prøvene er på papir og har oppgåver om
å finne informasjon i tekst, tolke og forstå tekst,
reflektere over og vurdere form og innhald i tekst. |