Mat og helse - brødbaking

I veke 35 laga vi brød i Mat og helse. Gjærdeig er alltid artig å lage med unger for dei vil aller helst lage pizza, taco eller spaghetti. Men når gjæren gjer jobben sin og deigen nesten kjem over kanten på bollen, då blir dei så ivrige at dei gløymer å synes at brød eigentleg er kjedeleg! Medan deigen heva, fekk elevane ei rekneoppgåve. På skulen skal dei nemleg rekne og lese i ALLE fag. Oppgåva var å finne ut kor mykje eit heimelaga brød kosta å lage. Vi var ikkje så avansert at vi rekna med straumutgifter men dei fleste ingrediensane var rekna inn. Dei fleste kom fram til at eit heimelaga brød koster mellom 5 og 6 kroner.
Her bakes det stort tempo! I stilige forkle viser elevane fram brøda som er klare til steiking.
Snart klare for steiking. Ferdige, nysteikte brød! Flottare brød skal ein leite lenge etter!