|
Ja, vi
vil danse: - Veldig spent på førehand, men no går det berre fint! Dette er uttalar frå 7. klassingane som er på dansebesøk på ungdomsskulen denne veka. Alle 7.-10.klassingar på Lepsøy, Haramsøy og Flem skule dansar seg sveitte og smørblide med alt frå swing, polka, zumba, seksmannsril og ”ferjedansen”. Ungdomsskulen på Haramsøy har elevar som soknar frå Lepsøy, Flem og Haramsøy barneskular. 7. klassingane frå dei nemnde skulane blir invitert til dette prosjektet, som går over tre dagar. – Alle elevane er med, gler seg til dette, og dans er kjempegod aktivitet i forhold til at elevane blir kjend med skulen dei skal byrje på neste haust på ein positiv måte, seier Sigrun Rogne, lærar og mangeårig dansegeneral på skulen. Elevane instruerer - Berre artig Dei same elevane møtest igjen til juleball rett føre jul. Rett som det er kan dansen på juleballet ende om med ein kollektiv seksmannsril i finekjolar og smoking sidan dei lærte det i november. |
![]()
|