MOT til å glede andre

"MOT til å glede andre"-dagen var 23.november. På ungdomsskulen markerte først lærarane dagen med å glede elevane med varm drikke og frukt, før elevane gjorde ulike ting seinare på dagen. Det var alt frå å gi nokon ein klem, ringe bestemor, besøke bestefar, lage middag heime, hjelpe til med rydding etc.

Elevane skreiv dagen etterpå kva dei gjorde på ein stor plakat ute i gangen.

OEM