10.trinn:
Stafett og bading på småbåthamna

10.trinn skal ikkje ta frå 9.trinn tittelen som skulen sine "isbadarar", men dei ba instendig om å få kome på nett med biletprov på at dei hoppa i vatnet denne veka. Etter rykta viser badetermometeret om lag 11 grader pluss, men 8 elevar var likevel i vatnet.

Kroppsøvingstimen denne gongen var jogging rundt byggefeltet på Austnes, og stopp på småbåthamna. Her var det stafettar først langs moloen, før dei som ville kunne hoppe i vatnet. Nokre valde også stup, og det frå øvste dekk på ambulansebåten. Mannskapet ombord stod som tryggingsmannskap, som vi kan sjå på bileta under.

 

 

 

Tilbake til framsida Haramsøy skule