Ungdomsskulen:
Til topps på Skulen!
Fredag 28.august var alle på ungdomsskulen over til øya lengst nord mellom dei tre vi har elevar frå. Turen starta ved Knutgarden på Flem, og vi gjekk opp til fjøsen. Der hadde vi "basecamp". Turen gjekk så til toppen av fjellet, og mest alle elevar og lærarar nådde "Skulen". Sjølv om utsikta heilt på toppen var noko tåkete, og myggen var som verst nede ved basecamp, så hygga vi oss svært så godt!
Ein naturfagsquiz, og uoffisielt meisterskap i "kubb" stod også på programmet, i tillegg til god lunk i pølsene ved bålet. Kos deg med nokre flotte bilete frå turen!
























Bilete: OEM/SR/BNA
Tilbake til framsida Haramsøy skule