Skuleval på ungdomsskulen:

Paneldebatt med temperatur

10. klasse hadde i forkant av Stortingsvalet framføring av aktuelle saker og historia til kvar sine politiske parti. Fredag før valet var det også paneldebatt på skulen, der to elevar representerte kvart sitt politiske parti. Spørsmåla og innlegga frå salen (8. og 9. klasse) var gode, og debattantane vart verkeleg sett på prøve.

Tema som dei visste om på førehand var samferdsel, skule og miljø. Men debattleiarane hadde stor utfordring i å halde tida. For engasjementet både i panelet og i salen var kjempebra. Imponerande var også korleis paneldeltakarane forsvarte sitt parti sin politikk. 10. klasse var såleis eit førebilete for dei yngre om korleis ein skal te seg under ein debatt.

Etter debatten var det skuleval, og til liks med andre valresultat for vidaregåande skular i fylket, stakk FrP av med sigeren. Dei fekk flest stemmer, og dei tre elevane i 10. klasse som representerte partiet tok på seg æra for det, og var særs nøgd med "valkampen".

Flinke tilhøyarar.

Innlegg frå ein av Ap sine representantar.

Høgre reklamerer.

 

FrP sine to i panelet.

Senterpartiet hadde gode innlegg.

Ap i godt humør.

SV hadde førebudd seg godt.

Veronica knallhard med stoppeklokka. Appell og avslutning blei klokka ned med hard hand om dei passerte sine tilmålte 60 sekund. Odd Einar leia ein debatt der deltakarane viste stor respekt for møtereglar (og normer).

Appell frå Venstre.

Kø utanfor vallokala. 100 % valdeltaking er god oppslutning!

Tilbake til framsida Haramsøy skule