Hjarteleg besøk frå Vietnam

Vi hadde gledd oss til dette besøket, og vi vart ikkje skuffa etter endt dag! Våre gjestar frå byen Hue i Vietnam viste ei glede over å vere her som vi sjeldan ser. At vi fekk by på sol og finevér sette ein ekstra spiss på besøket.

På plass i klasserommet presenterte 10.klasse Noreg (typisk norsk!), og viste mange bilete frå dei to øyane som dei skulle besøke. Vietnamesarane svarte med sin eigen presentasjon, ispedd fantastisk kroppsspråk av han som la fram! Alt som blei sagt av alle blei tolka av Thing, eller av Phuong, som har arbeidd i Noreg sidan april. Han er tilsett i prosjektstilling av Norges Fotballforbund, og fortalde på norsk (!) og engelsk om prosjektet ”Football for All in Vietnam” på ein glimrande måte til 10.klasse. Våre elevar skjøna at det ikkje nødvendigvis er fotball i seg sjølv som er viktig, men sosial tilhøyrsle, ein arena å vere saman i og vekse opp i, som er det vesentlege. Phuong greidde også å vise oss kva utfordringar ein står over med 86 millionar innbyggjarar i eit u-land som ikkje har særleg kultur for idrettslag for alle. No blir det bygd baner og arenaer ein kan møtest i. at funksjonshemma også har eit tilbod er ganske så nytt i dette landet.

10. klasse framførte Alle fugler tostemt, før vi fekk fleire fantastiske songinnslag av våre vietnamesiske vener! Anne Seth frå STX fortalde om korleis det er å ha skipsverft i Vietnam, og kulturskilnader, utfordringar med meir. 

9. klasse serverte ein aldeles nydeleg lunsj, med vanleg brødlunsj og pastasalatar. Denne avdelinga gjekk føre seg i gymsalen i lag med 8.-10. klasse. Avslutninga her var ”The Rap”; tøft storband med stilige rytmer!

Vidare gjekk turen til Ullafyret. Vi var på toppen av fyret, og dei fekk også helse på geitene. Nokre av 10.klassingane var også med her, og vidare til Gunnabuda på Longva der dei fekk prøve vikingskip. Bacalaoen dei fekk servert var fortreffeleg, og gjekk ned på høgkant!

Etter dette tok HaNo FK over regien på besøket, og seks instruktørar frå klubben fekk ei svært givande økt med mellom anna song, breakdance, fotball og overrekking av vimplar ved Nordøy stadion. Rett og slett ein uforgløymeleg dag for dei involverte. Dei tilreisande hadde det heilt glimrande heile dagen, og takka så fint før dei reiste tilbake til Brattvåg. I helga spelte dei fotball på Landsturneringa i Ålesund for funksjonshemma.

Her er nokre inntrykk i form av bilete frå denne dagen!

10. klasse presenterer.

Songinnslag...

...som slo godt an mellom publikum!

Alle fugler små de er.... Her frå mannsavdelinga i koret.

Phuong med eit engasjert innlegg om tilhøva i heimlandet.

Lunsj i gymsalen.

Bra storband!

Presentasjon av Vietnam, og heimbyen Hue.

Nokre av 10.klassingane saman med spelarane og ledsagarane frå Vietnam.

No er vi komen til Ulla. Fram med fotoapparata!!

Til slutt frå Gunnabuda på Longva. Vikingskip og bacalao!

Tilbake til framsida Haramsøy skule